Folkeinspirert pop. Sidan 2013.

BLAA

Gisle og Mari i strikkajakker framfor ein trevegg. Gisle speidar utover, Mari smiler.

Trønderske ord.
Vestlandske klangar.

Mari si stemme. Gisle sine tangentar.
Songar om livet, naturen og alt imellom.

Mari Klingen & Gisle Haaland

Røter i folkemusikken. Fridom til å vere noko meir.

Musikken

Cover til Noko live: ein handteikna blomsterknopp med eit menneske og røter inni.

EP · 23. mai 2025gi faen records

Live frå Gislaved Studio

Noko live

Ein augneblink frå 2015.
Nytt liv i 2025.

Fire songar, spelte inn live i eit lite studio på Grünerløkka. Nære vokalar, varme tangentar og plass til det uventa. Ti år seinare fekk opptaka nytt liv, varsamt remastra med det organiske uttrykket i behald.

Trykk på ein song for eit utdrag frå Apple Music.

Om innspelinga

Vokal: Mari Klingen. Tangentar og arrangement: Gisle Haaland. Akustisk gitar og kor på tre spor: Andreas Hofstad Sørås. Opptaka blei filma av André Løyning i 2015. Cover: Mathilde Dorthea Landlie. Utgitt på gi faen records 23. mai 2025.

Fleire songar frå BLAA

Frå den første singelen til «Svart frakk».

Cover til Svart frakk

Svart frakk

Singel · 2025

Cover til Viskelær

Viskelær

Singel · 2016

Cover til Hav og fjell

Hav og fjell

Singel · 2015

Cover til Desembervise

Desembervise

Singel · 2013

Duoen

To heimstader.
Eitt felles uttrykk.

Frå Svorkmo og Sotra, via Grünerløkka. BLAA er møtet mellom to musikalske historier.

Mari Klingen skriv tekstar på trøndersk. Gisle Haaland gir dei rom med Rhodes, piano og arrangement som kan vere både varsame og kraftfulle. Saman lagar dei folkeinspirert pop med opne dører til jazz og andre musikalske landskap.

Gisle og Mari møttest ved Musikkonservatoriet i Kristiansand hausten 2002. Etter meir enn ti år med musikalsk samarbeid starta dei BLAA hausten 2013. Begge har mastergrad i utøvande rytmisk musikk.

Songane krinsar rundt kvardagsliv, relasjonar og natur. Det nære får vere nært, og det store får plass mellom tonane.

Vokal & tekstar

Mari Klingen

Frå Svorkmo i Trøndelag.
Vokalist i Lumsk sidan 2021, og i SalmeKlang.

Tangentar & arrangement

Gisle Haaland

Frå Sotra på Vestlandet.
Musikar, arrangør og komponist. Driv gi faen records.

Mari og Gisle peikar på ulike stader på eit stort verdskart.

Ulike utgangspunkt. Felles nysgjerrigheit.

I samtale med VårtOslo

«Det eneste vi vil er å lage god musikk basert på vår egen musikalske historie.»

Gisle Haaland · VårtOslo, 31. juli 2025

Mari sit i ein lenestol og smiler medan Gisle spelar piano ved sida av henne.

BLAA live

Musikk høyrer
heime mellom folk.

Ei stemme, nokre tangentar og eit rom å dele. I BLAA får både det stillferdige og det kraftfulle kome tett på.

Frå studioet på Grünerløkka til slippkonserten i ein hage på Risløkka har det nære møtet med publikum vore ein del av historia.

Booking & presse

Skal vi
lage noko i lag?

Konsertar, intervju eller ein god idé?
Ta kontakt med Gisle.

Telefon: 41 40 46 06

For arrangørar
og presse

Bandomtale og utgjevingar i EPK-en. Pressebilete i høg oppløysing og eigne versjonar for nett.

Opnar delte mapper i Dropbox.
Foto: Mathilde Dorthea Landlie. Krediter fotografen ved bruk.